Viser innlegg med etiketten hiroshima. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hiroshima. Vis alle innlegg

onsdag 16. august 2017

En historisk sykkeltur

Idag var den store sykkeldagen. Plassen vi bur på, har sykler til disposisjon, så eg hadde sett fram til å kjenne blodet pumpe. Når vi kom ned til der syklene var, kjølna gleden. Det var tre sykler der, en barnesykler og to andre sykler som såg ut som dei holdt på å falle frå kvarandre. Min hadde eit defekt sete, som ikkje lot seg rikke. Dermed var det så lavt at var redd for å streife bakken ut på gata. Men ut og sykle skulle eg. Sykkelen var overraskende nok utrulig god å sitte på. Polstra, mjukt sete og mulighet til å kvile hendene mine på et solid styre.

Kjell Inge, som sykla bak meg, sa eg såg morsom ut.

Det var herleg å endelig bruke kroppen min til noko anna enn å slite ut føtter, og eg naut alt eg såg. Det er så mange stilige bygninger her, og mindre travelt enn i Tokyo. Vi sykla først formålsløst rundt, og kom til et handlemekka uten like. Her burde vi nok gått av sykkelen, for det var folk overalt. Men, vi kom oss no gjennom folkehavet, og såg eit skilt i retning Hiroshima Castle. Eg stansa for å orientere meg via google maps, men prikken som viste kor vi var, hoppa energisk rundt, så den kunne eg ikkje bruke. Derfor fikk igjen karteksperten frie tøyler til å vise veg, og det gjorde han. Mobilen hans låg i korga framme på sykkelen, så vi var ikkje heilt trafikk-sikre, men det gikk bra atter ein gong.

Hiroshima castle låg i en kjempefin park. Vi betalte for å komme inn, men inne i sjølve bygningen var det ikkje så interessant. Den bestod av seks etasjer, og dei første viste berre historien til bygget. Tredje etasje var fullt av tradisjonelle samurai-draker og sverd. Eg er glad i samurai-sverd, så dette blei høgdepunktet. På toppen hadde vi utsikt over Hiroshima, og byen har virkelig komme seg på beina igjen etter atombomba. Eg får følelsen av at dei har ønska å adoptere en vestlig modell, for byen minna meg meir om en europeisk storby enn Tokyo og Kyoto gjorde. Dei hadde blant anna bestikk på restauranter, meir engelsk tekst rundt omkring, og for første gang møtte vi ansatte som snakka godt engelsk.

Etter vi hadde vore i parken, sykla vi til handlegata, der eg fikk kjøpt eit skjørt som eg sikkert ikkje får brukt så ofte fordi det er for fint til daglig bruk. Men eg er no engang svak for Japanske skjørt, og fristelsen var for stor til at eg kunne la være. I løpet av handlinga, begynte det å regne for første gang på denne turen, så det var flaks at vi var inne akkurat da. Vi fant en restaurant i nærheten, og eg valgte en salat og quiche. Etter mykje pasta og søtsaker, var dette akkurat kva magen min lengta etter. Det heile blei avslutta med en god tiramisu, og vi var fullada til endå meir sykling. Vi fant fort fram igjen til kor vi kom frå, og valgte å fortsette litt lenger enn vi strengt tatt trengte. Sola hadde komme fram igjen etter det plutselige regnskuret, og på tross av at eg no begynte å få ilt i ryggen frå den rare posisjonen eg måtte innta grunna det lave sete, var kvart tråkk verdt det.

Imorgon skal vi reise til Miyajima, som er ei øy litt utanfor Hiroshima. Eg gleder meg.







Hiroshima castle

tirsdag 15. august 2017

Hiroshima

Eg sit med boka "the nix" foran meg, men klarer ikkje å konsentrere meg om orda som står der. Boka er bra, så eg kan ikkje legge skylda på den. Den har en usedvanlig miks av godt språk, visdom og humor som smelter sammen til eit mesterverk. Grunnen til at eg ikkje klarer å lese, er at vi idag var i peace memorial park, og eg treng litt tid på å fordøye inntrykka.

Det finns vel ikkje nokon som ikkje har høyrt om atom-bomba som traff Hiroshima. Det å vere her, der det faktisk skjedde, vekker mange kjensler. Allereie før vi gjekk inn i parken, kjente eg ein klump i halsen. Det var så mange fine minnesmerke, og teksten som høyrte til, gjorde opplevinga endå sterkare. Det var blant anna eit kunstverk forma som to hender som vendte oppover, kor ein flamme brant. Teksten forklarte at den ville vere der heilt til det ikkje var meir atomvåpen i verda, då vil den dø. Det var også en rekonstruert bygning som kunne observeres frå parken. No var eg så nær å gråte, at eg måtte sjå på andre ting for å forhindre at eg laga ei scene. Heldigvis var det mykje positivitet eg kunne kvile auga på. Det var bånd laga av skulebarn, som handla om fred. Det var ei klokke barn kunne ringe i, for å minnes dei døde. Ikkje minst var det en nydelig park, og det hjalp å sjå vanlige mennesker som pusta og levde.

Etter at vi hadde vore i sjølve parken, gikk vi inn på museumet. Dersom du skal til Hiroshima anbefaler eg virkelig å bruke tid på museumet. Det er mange bilder som kan vere grusomme å sjå (blant anna bilde av øydelagte kropper), men eg er glad for at eg gikk inn likevel. Det som gjorde mest inntrykk var ein lang vegg med "før" bilder av Hiroshima, fulgt med en ny vegg med "etter" bilder frå samme område. Det er ufattelig kor mykje skade atomvåpena vi har, kan gjere. Over 140000 mista livet, og mange fleire blei skada grunna stråling. Dette er så mange liv at det ikkje gikk heilt opp for meg mens eg endå var på skulen, men no får eg lyst å gå i protesttog, sende fortvila brev til Trump eller bryte meg inn i atom-lager for å detonere dei bombene som fortsatt finns.

Eg treng nok litt tid til å riste av meg følelsen av at det er noko gale med verda, men imorgon er ein ny dag. Planen er å sykle rundt i Hiroshima sidan vi har sykler til vår disposisjon. Plassen vi bur på no er heilt ulik hostellet vi kom frå. Eg skulle ønske vi hadde satsa på airbnb tidligare, men eg hadde fått en fiks idè om at airbnb sikkert ikkje var like populært i Japan, og derfor bestilte eg berre gjennom hotels.com. Sidan det var tusen ting å velge mellom, og eg ikkje er alt for glad i å bruke tid på bestillinger, var vi litt uheldige med overnattinga i Kyoto. Hiroshima-overnattinga bestilte eg ikkje før etter eg hadde vore i Dublin og blei minna på kor smart det er å velge airbnb. Det er herlig å ha en plass for seg sjølv, og plassen vi har funne er virkelig heilt super. Alt er bittelite, men med gode løysninga. Det minner meg om boka "the life-changing magic of tidying up", og sjølv om eg er ein ihuga rotekopp, ser eg at det å ha alt på ein plass, utan for mykje krimskrams, har sine fordeler. Vi har vannkoker, komfyr, vaskemaskin på verandaen (vaskemaskin OG tørketrommel i ett!), toaster og kjøleskap. Vidare er alt markert med små lapper på engelsk, slik at vi slipper forvirring og hektisk leiting. I tillegg har vi supermarknad rett ved sidan av, og vi fant ein sjarmerande vegetar-kafè. En fiber og vitamin-fix var akkurat det eg trengte. Toppen på kransekaka var at det hang eit norskt flagg i døra når vi kom inn! Sjølv om det er godt med en ny kultur, er slike små påminnere om Norge når eg kjenner savnet, godt.