mandag 17. juli 2017

Irsk kjærleikshistorie




Eg hadde som vanleg ikkje lest meg tilstrekkeleg opp før flyet traff bakken i Dublin. Interessen for å lese pleier å slå meg med full styrke mens eg er i landet eg reiser. Då vrir eg meg i fortvilelse mens spørsmåla raser gjennom hovudet: Kor mange innbyggere bur her? Korleis fungerer helsevesenet? Kva bør vi sjå mens vi er her? Men eg fikk ikkje mykje tid til å gruble, for Dublin tok meg med storm. Allereie på flyplassen var eg imponert. Den eine bygningen såg ut som ein konstruksjon frå framtida, og når vi køyrde gjennom Dublin for første gang, fekk eg igjen følelsen av å ha havna på ein anna planet. Miksen mellom gamle katolske kirker, og nymoderne teknologiske konstruksjoner, var fascinerende.

Kul bygning



Mindre fascinerende var utfordringa med å finne fram til der vi skulle overnatte. Det såg ganske mørkt ut først. Vi stoppa en taxi-sjåfør som prøvde å forklare vegen med lokal irsk dialekt. Vi blei slett ikkje klokare, men ga då ikkje opp. Etter litt vandring fram og tilbake i den samme gata, møtte vi på eit par ute på vift. Engelsken deira var mykje betre, og dei fulgte oss dit vi skulle. Vi tenkte: No er vi endeleg framme! Men nei da. Enkelt skal det aldri vere. Vi klødde oss fortvila i hovudet, mens vi desperat prøvde å koble på nettet for å sende melding til verten. Dette gikk heller dårleg, så da tok vi en råsjans. Vi trykte inn eit nummer på ringeklokka, som vi fant på beskrivelsen. Til vår store glede, fungerte denne strategien umiddelbart. En hyggelig ung man slapp oss inn i en lekker leilighet.





Vi fikk fire dager i dette kontransfylte landet, og eg skulle gjerne hatt meir. Vi leika turister på toetasjers busser, nippa skeptisk til mørk guinness, jogga rett inn på Costa cafè, blei frakta heim av en fargesprakende sjåfør og handla alt til den store gullmedalje.

Vi hadde i utgangspunktet planer om å ta oss en liten utflukt for å suge inn meir av den irske folkesjela, men fant ut vi var for late til det den søndagen. Heldigvis har vi då ei god unnskyldning for å kome tilbake. For det er ikkje tvil i mitt hjarte; Irland er vakkert og interessant.

Audrey fra Canada 


Min reisekompanjong 

Ikkje alt var like enkelt i Irland før

Endå ikkje ferdig med jul

Følte meg kulturell ved book of Kelis

Våre hyggelige roommates 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar