fredag 4. august 2017

Avreise til Japan

Eg sitter og halvsover ein avslappa laurdags morgon. Ein mann ovanfor meg gnir seg trøtt i ansiktet, og smatter litt i kjedsomhet. Flyet til Oslo går om førti minutter, og eg kjenner det kribler i kroppen. Snart skal eg omsluttes av Japanske dunster, marineres i nye opplevingar og få litt kultursjokk. Japansken min er ganske rusten, som eigentleg betyr at eg håper "Aregato" og "Hai" er tilfredsstillande nok for høflige Japanere.

Eg og bror min stod opp ugudelig tidleg, noko som betydde påkledning og kattevask i rekordfart. Frokost var tillaga på forhånd, slik at vi på ti minutter kunne kome oss ut i bilen til min kjære. Utruleg nok gløymde eg ikkje noko, som kanskje vil overraske dei som kjenner meg godt. Vi susa avgårde til Flesland, og fekk sjekka inn fort. Vi gumla i oss nokre skiver, og eg fylte systemet med ein kjapp starbucks espresso for å halde meg i ånde dei nærmaste timene. Vi flyr først til Oslo, der vi må vente fire timer før neste fly svisjer oss avgårde til ein av mine favorittbyer: København. Der har vi berre en time på oss før flyet til Japan går. Eg er litt skeptisk til SAS etter turen til Dublin tidlegare i sommer, då både flyet ned og tilbake var forsinka. Men, eg stolar då på systemet.

Til flyreisa har eg alt klart: Fem lydbøker, øyrepropper og ikkje minst, ein klok bror. Kjell Inge og eg har snakka om å reise til Japan sidan han var en liten knøtt. No har han skutt i verda og endeleg fått den turen eg lovde han. Ikkje at eg kunne sleppe unna; Årleg minna han meg på at vi skulle til Japan. Og her sit vi med billetten og drømmen i hånda. I to veker skal vi utforske landet. Eg har fått mange tips på førehand, og føler meg klar. Men dyrekjøpt erfaring har lært meg at ein aldri kan forberede seg heilt. Det skal ein ikkje heller: Det uplanlagte har ein tendens til å feste seg til hjernebarken. Eg har fleire eksempel på dette: Den gangen eg mista passet mitt i Laos og det dukka opp igjen på magisk vis, då eg gikk meg vill i Frankrike, og møtte hyggelige mennesker som hjalp meg heim. Den siste uforutsette opplevelsen hadde eg i Dublin: Eg og Birgit møtte to Canadiske skodespelarar og musikere sidan vi budde på samme airbnb. Dette blei ein minneverdig kveld fylt med politiske diskusjoner, latter og musikk.

Eg skal prøve å oppdatere denne nye bloggen jamnleg. Speilrefleks kamera er med, som forhåpentligvis betyr nokre kunstneriske godbiter til dykk som les.

Sayonara!
Tre månadar forsinka (til kirsebærblomstringa). Japan, here we come!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar