tirsdag 15. august 2017

Hiroshima

Eg sit med boka "the nix" foran meg, men klarer ikkje å konsentrere meg om orda som står der. Boka er bra, så eg kan ikkje legge skylda på den. Den har en usedvanlig miks av godt språk, visdom og humor som smelter sammen til eit mesterverk. Grunnen til at eg ikkje klarer å lese, er at vi idag var i peace memorial park, og eg treng litt tid på å fordøye inntrykka.

Det finns vel ikkje nokon som ikkje har høyrt om atom-bomba som traff Hiroshima. Det å vere her, der det faktisk skjedde, vekker mange kjensler. Allereie før vi gjekk inn i parken, kjente eg ein klump i halsen. Det var så mange fine minnesmerke, og teksten som høyrte til, gjorde opplevinga endå sterkare. Det var blant anna eit kunstverk forma som to hender som vendte oppover, kor ein flamme brant. Teksten forklarte at den ville vere der heilt til det ikkje var meir atomvåpen i verda, då vil den dø. Det var også en rekonstruert bygning som kunne observeres frå parken. No var eg så nær å gråte, at eg måtte sjå på andre ting for å forhindre at eg laga ei scene. Heldigvis var det mykje positivitet eg kunne kvile auga på. Det var bånd laga av skulebarn, som handla om fred. Det var ei klokke barn kunne ringe i, for å minnes dei døde. Ikkje minst var det en nydelig park, og det hjalp å sjå vanlige mennesker som pusta og levde.

Etter at vi hadde vore i sjølve parken, gikk vi inn på museumet. Dersom du skal til Hiroshima anbefaler eg virkelig å bruke tid på museumet. Det er mange bilder som kan vere grusomme å sjå (blant anna bilde av øydelagte kropper), men eg er glad for at eg gikk inn likevel. Det som gjorde mest inntrykk var ein lang vegg med "før" bilder av Hiroshima, fulgt med en ny vegg med "etter" bilder frå samme område. Det er ufattelig kor mykje skade atomvåpena vi har, kan gjere. Over 140000 mista livet, og mange fleire blei skada grunna stråling. Dette er så mange liv at det ikkje gikk heilt opp for meg mens eg endå var på skulen, men no får eg lyst å gå i protesttog, sende fortvila brev til Trump eller bryte meg inn i atom-lager for å detonere dei bombene som fortsatt finns.

Eg treng nok litt tid til å riste av meg følelsen av at det er noko gale med verda, men imorgon er ein ny dag. Planen er å sykle rundt i Hiroshima sidan vi har sykler til vår disposisjon. Plassen vi bur på no er heilt ulik hostellet vi kom frå. Eg skulle ønske vi hadde satsa på airbnb tidligare, men eg hadde fått en fiks idè om at airbnb sikkert ikkje var like populært i Japan, og derfor bestilte eg berre gjennom hotels.com. Sidan det var tusen ting å velge mellom, og eg ikkje er alt for glad i å bruke tid på bestillinger, var vi litt uheldige med overnattinga i Kyoto. Hiroshima-overnattinga bestilte eg ikkje før etter eg hadde vore i Dublin og blei minna på kor smart det er å velge airbnb. Det er herlig å ha en plass for seg sjølv, og plassen vi har funne er virkelig heilt super. Alt er bittelite, men med gode løysninga. Det minner meg om boka "the life-changing magic of tidying up", og sjølv om eg er ein ihuga rotekopp, ser eg at det å ha alt på ein plass, utan for mykje krimskrams, har sine fordeler. Vi har vannkoker, komfyr, vaskemaskin på verandaen (vaskemaskin OG tørketrommel i ett!), toaster og kjøleskap. Vidare er alt markert med små lapper på engelsk, slik at vi slipper forvirring og hektisk leiting. I tillegg har vi supermarknad rett ved sidan av, og vi fant ein sjarmerande vegetar-kafè. En fiber og vitamin-fix var akkurat det eg trengte. Toppen på kransekaka var at det hang eit norskt flagg i døra når vi kom inn! Sjølv om det er godt med en ny kultur, er slike små påminnere om Norge når eg kjenner savnet, godt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar