torsdag 10. august 2017

Ein bit av himmelen

Det finns ikkje nok adjektiv i det norske språk. Korleis forklare det uforklarlige? Enkelte opplevelser er vanskelig å beskrive, men eg skal gjere eit forsøk.

Vi har allereie komt til dag fem av ferien min. Eg sit i senga på hostellet, bak eit forheng som skjermer meg frå andre gjester som eg ikkje veit om befinn seg bak sine forheng, og tenker tilbake på dagene som har vore. Mange opplevingar og inntrykk flyt rundt i bevisstheten min. Som perler på ei snor triller dei fram. Den første perlen er kanskje litt merkelig, men det er ei perle av dei sjeldne. Det er kanskje litt sært, men denne perla handler om mat. Meir spesifikt, eit bakverk. 
Pooh Bear Quotes About Honey



Eg skriv sjeldent om mat. For å vere ærleg er eg til og med ikkje særlig flink til å smake skikkeleg på det eg har på tallerkenen. Det hender at maten er fortært før eg har registrert at den har entra munnen. Selvfølgelig finns det mange unntak. Når eg var i Kina smakte eg ei fantastisk Peking-and og på 'dialog i mørket' i Hong kong, åt eg i totalt mørke, som resulterte i at eg faktisk fokuserte hundre prosent på det som traff smaksløkene mine. Men: Idag gløyme eg tid og stad. Eg lukka auga mine og gjorde ikkje anna enn å nyte øyeblikket. 

Det begynte tilfeldig. Min bror blei impulsivt dratt mot et bakeri. Eg måtte egentlig på toalettet og var dermed skeptisk. Men eg tenke: Det tar jo ikkje lang tid! Vi var eit steinkast unna hotellet, så litt eye-candy kunne eg tåle.

Celebrate Winnie
Bakeriet var ganske fantastisk (igjen mangler eg betre adjektiv). Det skinte og oste fra herlige bakverk. Vi gikk rundt, og eg oppdaga at eg fikk lyst på noko søtt. Men kva? Kjell Inge stoppa ved ei smaksprøve. Eg såg tvilande på den vesle firkanten. Heilt ærlig, var ikkje smaksprøva særlig tiltalende. Den virka tørr, og eg tenkte at dei sikkert prøvde å bli kvitt den. Eg heva tannpirkeren og stakk biten i munnen. Auga mine sperra seg opp i undring. Ein eksplosjon av smaker traff tunga mi, og eg innsåg atter en gang at utseende ikkje er alt. Eg var solgt. Eg skulle gjerne raska til meg heile beholdningen av produktet, men hadde fornuft nok igjen til å berre kjøpe to. En til meg, som allereie hadde lyst på meir, og en til bror min som hadde introdusert meg for ei ny verd av glede. Den Japanske kvinna bak disken, smilte i glede. Eg veit ikkje kva ho tenkte, men kanskje såg ho min oppriktige kjærleik for bollen som no befant seg i trygt innpakka i ein pose. Ho duppa djupt som Japanere gjer, og eg forlot butikken med vann i munnen. Vi gikk på ein vanlig butikk etterpå, for vi trengte fortsatt meir føde. Kjell Inge kjøpte modig sushi, mens eg allereie var så ivrig etter å sette tenna i mi nye investering, at eg nøya meg med nudler. Når vi kom på hostellet, gikk vi rett til lobbyen. På dette tidspunktet fraus eg. For første gang hadde temperaturen sunke, og etter dager med 30 varmegrader eller meir, kjentes det som eg befant meg i en fryser.


Nudlene var ikkje veldig spennende, men eg hadde noko å glede meg til. Når eg endelig var ferdig med den kjedelige, obligatoriske middagen, tok eg ærbødig fram bollen. Den glinsa mot meg, nesten som den smilte. Eg veit ikkje kva den inneholdt, men det brydde eg meg ikkje om der og då. Eg tok en bit, og lukka auga. 

Enda ein grunn til å elske Japan
Mat SKAL nytes, og eg innser med skam at eg ofte synder på det punktet. På tross av min gryende interesse for mat etter å ha sett masterchef og bestemt meg for at eg må tilbringe meir tid på kjøkkenet, har eg svikta matverda. Alt for ofte kjøper eg ferdigmat, for eg er ingen god kokk. Desto større grunn til å faktisk sette pris på det andre lager. Ikkje at eg er heilt håplaus: Eg elsker vegetar-lasagnen på café speciale, og behandler den alltid med respekt. Men dette bakverket var noko anna. Eg kan med hånda på hjerte sei at det er den beste kalori-bomba eg nokon gang har smakt. Tru meg, eg har fått i meg mykje sukker og fett før, så eg er ganske erfaren når det kjem til dessert. Men eg har svikta den kulinariske verda. Eg har ikkje innsett kor mykje det finns der ute som endå er uprøvd. Kvar bit eg tok, ga meg glede. Etter to biter, sendte eg bilde til Niran-Jan og sa at dette var det beste eg nokongang hadde smakt. Dersom han kan reprodusere dette, står eg i evig gjeld til han. Han sendte ei oppmuntrende melding tilbake: Den bestod sannsynligvis av smør, sukker og fett, ingen stor sak. Men det var ikkje berre desse ingrediensene. Det var sammensetningen av dei. Kandisert sukker på botnen og toppen, dynka i herlig fett. Dersom kan klarer å lage noko tilsvarende, kjem eg til å vere lykkelig i lang, lang tid.

Imorgon reiser vi til Kyoto, noko eg virkelig gleder meg til. Men det er litt trist og. For eg finn nok aldri ein bolle som dette igjen. Planen er å gradere meg ved å kjøpe mange eksemplar imorgon. Kroppen min blir kanskje sløv og misfornøgd med alle kaloriene, men livet skal nytes, ikkje sant? Eg har fantasier om å vakuum-pakke en av dei, slik at den kan tas med til Norge og analyseres. Niran-Jan kan smake, og få den samme opplevinga som meg. Han kan smake og dermed lage ein kopi. Det blir vanskelig, men han er i motsetning til meg, flink på kjøkkenet. Han liker og bake, som eg har nytt godt av. 

Dette er eit av dei lengste innlegga mine. I utgangspunktet hadde eg tenkt å skrive meir om Tokyo og alt eg har sett her. Menneska som fascinerer meg. Dei er vakre og interessante. Eg ville og skrive om bygninger eg såg, og Shinjuku, som er en bydel eg har lyst å utforske meir i framtida. No er eg sikker: Eg skal tilbake til Tokyo. Om så berre for å smake bollen igjen. 

Etter å ha spist bollen, var eg varm og nøgd. Eg var og trøtt, og sukka tilfreds når eg la meg i senga for ein liten høneblund. Eg låg i stillhet og tenkte på kor fint livet var. Så mange gleder, så mykje å sjå fram til. 

Eg avslutter med bilder av eit fint tempel vi snubla over i Shinjuku. Eit tempel er ein stad for refleksjon og ettertanke, for å minne oss på at vi lever her og no. Det var kanskje ein bolle, men det var òg eit øyeblikk av total tilstedeværelse og tilfredshet. Det er slike sanseopplevelser en husker. Det minna meg på å fortsette med å følge med på kva sansene mine forteller meg. Å ta inn det verda har og by på. Eg skal straks legge meg, og avslutte dagen med ei lydbok. Eg har mange og velge mellom, og etter å ha blitt ferdig med ei veldig god bok om dissosiasjon, er eg i grunn metta for idag. Kanskje eg kan finne ei lydbok om å vere tilstede i nuet? Eller kanskje har eg lært det allereie. Kanskje skal eg berre sove og glede meg til en ny dag imorgon. 










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar