mandag 7. august 2017

Tempel

Kroppen er ditt tempel, seies det. Eg er så absolutt einig i dette premisset. Men eg undrast om kroppen min veit kva den vil. Den har tydelegvis trengt ti timer med søvn for å renovere seg sjølv. Eg lurer på om noko av isolasjonsmateriale som har blitt brukt, ligg igjen i hovudet mitt, for det kjennes litt ullent. Vi la oss frykteleg tidleg igår. Vi åt middag på en japansk restaurant som heldigvis hadde engelsk meny. Vi valgte begge en rett med nudler. Eg hadde ei suppe med bone marrow, som var overraskende god på tross av det skremmande navnet. Dette betydde at eg slapp å bruke pinner, og dermed fekk i meg all maten. Dette er nok ein god framtidig strategi, for eg fekk også serverte små, røde ingefærstrimler som havna på heilt feil plasser.
Nishiarai tempel. 

Den nye dagen begynte med vandring til Nishiarai tempel. Med ein gang vi kom ut døra, føltes det som vi var midt i ørkenen. Svetten klamra seg intenst til meg, og pusten gikk tungt. Men vi kom oss fram, sjølv om enkelte steg føltes som eg hadde murstein i skoa. Vi kom til tempelet, som mange går til då det bringer lykke. Kjell Inge fant en "charm" som skal bringe lykke ved eksamen. Så da går det nok bra dette skuleåret!



Vi vandra tilbake til stasjonen, for å begynne vår utforskning av Tokyo. Sidan eg hadde blitt tipsa om utkikkstårnet i Tokyo metropolitan office, reiste vi dit. Å finne ut av metro-systemet, er ingen enkel sak. Hadde vi ikkje hatt google maps, ville det nok tatt ein halv dag og ikkje ein time og finne fram. Det mest forvirrende var kva vi skulle betale for kvar stasjon.










Utsikt fra metropolitan government office


Kjell Inge
Roboter lager sko i Harajuka



Det var forskjellige metroer, med ulike farger og tal. Kodesystemet blei litt for innvikla for meg, men vi oppdaga ved en tilfeldighet at det fantes bokser før vi skulle ut, der vi kunne sjekke om vi hadde betalt for lite eller mykje. Løysninga vart dermed at vi berre kjøpte en billett og fylte på om det var for lite. Når vi kom til Government Office, var det lite kø. Ein kar foran oss i køa hadde med seg en koffert og sekk, og ved sikkerhetssjekken, fekk han beskjed om at det ikkje var lov å ha med tripod. Vakten laga eit kryss med hånda, og turisten prøvde å spør om han kunne legge igjen bagasjen til seinare. Dette fikk han ikkje svar på, og til slutt blei han vifta videre.

Oppe var utsikta heilt fantastisk. Det sank verkeleg inn kor ufattelig svært Tokyo er. Vi gikk i north tower, og det fantes et som vendte sør også. Med andre ord såg vi ikkje alt eingong. Etterpå vandra vi mot Harajuku. Eg kjente navnet frå sangen "Harajuku girls" frå Gwen Stefani og visste at området var kjent for mote. Vi såg mange spesielt kledde mennesker. Nokre hadde veldig høge sko, ei hadde svære virveløyredobber. Jentene hadde skjørt som eg gjerne skulle visst kor dei har skaffa. A-line skjørt er ikkje lett å få tak i. Mange hadde også vide bukser, der ein sikkert kunne plassert tre bein. Dei såg behagelige og luftige ut! I forhold til butikker, var det som slo meg kor populært manga og spille-figurer er. Rundt eit kvart hjørne fantes artikler knytta til spill-verda, og dette stemmer med kva eg har lest på forhånd. For Japanere er dette ein måte og rømme litt vekk for ei stund. Dei kan dykke inn i ei ny verd, noko som nok er godt etter ein hard dag på jobb. Det betydde ingenting om du var 50 eller 20, overalt såg vi mennesker med nasa i et manga-hefte.

Vi bestemte oss for å forflytte oss videre, til Akihabara området. Det er blant anna kjent for `maiden Cafès`som eigentleg berre må oppleves. Frå første stund blir du varta opp av kvinner kledd i spesielle drakter. Det var ikkje lov å ta bilder, men dei ligner på enkelte manga-figurer. Når vi sa vi var frå Norge braut dei ut i glede: Aaaah: Norway! Vi fikk på oss søte hårbøyler som vi satt med heile tida. Eg bestilte ei kake, og før eg skulle ete den måtte vi gjenta nokre bevegelser dei laga. På eit punkt dempa dei belysninga og spilte japansk musikk mens en av jentene dansa. Ein mann som sat ved eit bord, hadde med glowsticks som han vifta energisk med. Før eg reiste til Japan, såg eg ein liten dokumentar om dating-livet i Japan. Mange menn unngår forhold, sidan dei er redd for å bli avvist. Maiden cafè er ein trygg plass dei kan gå for å få positiv oppmerksomhet i ein time.
Vi avslutta kvelden med karaoke. Du får eit rom heilt for deg sjølv, noko som gjer det mindre flaut å synge ut av full hals. Eg bestilte ein tallerken med fritert kylling, men det var så mykje bein i den at eg la det meste igjen.

Når vi skulle heim, havna vi midt i jobb-rushen. En mengde Japanere med heilt likt antrekk kom mot oss frå alle kanter. Jobb er viktig i Japan, og det ligg mykje ære i det. Mange jobber seint, og fleire vi såg virka slitne. På metroen heim var det fullstappa. Det som slo meg var kor stille det var på metroen, der alle sat med mobilen (og ikkje overraskande spilte ulike spill). I Japan går dei langt for å ikkje forstyrre andre.

Det var en begivenhetsrik dag, og klokka er no halv ti (Tokyo tid). Det blir godt å sove, for å fordøye alle inntrykka.



På maiden kafè


Tilfeldig tempel i Akihabara

Nokre av dei høge bygningene i Shinjuku/Shubuya området

Obligatorisk karaoke

Slik ser Japanere ut etter dei har vore på jobb

Kunstneriske jenter på Maiden kafè

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar