tirsdag 8. august 2017

Eit skritt inn i framtida

Dag tre i Tokyo. Etter igår tenkte eg: No har vi sett det viktigaste. Så feil kan en ta! Denne dagen er så langt den beste, ikkje berre på grunn av kva eg har sett, men minst like viktig: Kva eg har følt. Vi var litt seinare opp idag enn igår, og var ikkje like raske før vi befant oss på metroen. Eg handla nokre kle og vi utforska nærområdet litt meir. Vi bestemte oss så for å sjå "the imperial palace" som var palasset Shogunene regjerte i fra ca 1600-1800. Det var surrealistisk å sjå skyskrapere rett ved sidan av parken, nytt møter gammelt på en tiltalende måte. Når vi gjekk gjennom parken, var det 32 grader og sol, og eit skilt advarte oss mot solstikk. Ikkje så lenge etterpå blei eg litt svimmel. Kanskje var dette den hypokondriske delen av meg som kom til uttrykk med rare symptomer, men det gikk fort over når eg fekk i meg is og kald drikke. Etter at vi hadde vandra i parken, visste vi ikkje heilt kva vi skulle.

Eg satte meg ned for å lese gjennom en Tokyo guide som eg hadde raska med meg frå hostellet, og auga mine gikk mot Odaiba som eg følte en slags mystisk dragning mot. Vi var begge slitne, og usikre på om vi orka ein time med reising, men etter at eg fant ut at the national nature and science museum låg i området, bestemte vi oss. Vi skulle trosse metro-systemet nok eingong, og la i veg.

Eg har sjeldent vore så glad for at eg trossa skepsis før. Museumet var fantastisk! Allereie frå vi kom inn og leste introduksjonen, var eg solgt. Museumet begynte med ein tegning på golvet som viste veier til utvikling i vitenskapen. Eg hugser ikkje alle, men tilfeldigheter og integrasjon gjennom utveksling av informasjon, var to av dei. Eg blei så rørt at eg nesten begynte å gråte, fylt av ærefrykt. Her var ein stad fylt med kunnskap og ønske om å utdanne besøkende.

Eg likte korleis alle utstillingene hadde eit spørsmål på slutten. "Kva ville DU gjort dersom du kunne vere med på å forbetre klimaet?". Det var heile tida oppfordringer om å tenke. Dette var spesielt aktuelt når det kom til presentasjonen av roboter. På den eine sida blei det framheva kor stor betydning roboter og teknologien som følger, vil ha for oss, samtidig som en blei oppfordra til å ha etiske problemstillinger i bakhovudet.

Klokka fire satte vi oss ned saman med andre skuelystne for å sjå ein ekte robot i aksjon. Eg fekk gåsehud. Det kjentes som om eg hadde framtida rett foran meg, at eg hadde fått sett forbi eit forheng som viste morgondagen i all sin prakt. Kanskje det er slik det kjentes for dei som satt klistra foran skjermen ved den første månelandinga? Kjensla av kor mange muligheter vi har. Nokre ganger er det milevis frå å lese om noko (eg er glad i litteratur knytta til nyvinninger) til å faktisk sjå "beviset" på at no er vi her. Eit steg nærmare ei ny verd. Å sjå roboter som ligna mennesker og snakka som dei, var utrulig spennende. Eg var ikkje den einaste som lot meg fascinere og bevege. Eg såg ei lita jenta ved sidan av mor si, som fikk "snakke" med ein ekte robot. Først gråt ho, for det må ha vore ubehagelig å sjå noko som ligna eit menneske, men ikkje var det. Etterkvart blei ho meir nysgjerrig, og roa seg når mora fortsatte som om alt var normalt. Eg tenkte: Desse menneska, dei er med på å bygge framtida. Dei har tatt steget inn i framtida før min generasjon, og vil derfor ta imot den med åpne armer. Eg håper at entusiasmen òg inneheld ein dose skepsis. For roboter med bevissthet kan potensielt vere farleg. Når eg såg roboten som kunne sparke ball og hinke på eit bein, forestilte eg meg ein brøkdel av eit sekund kor nådeløs den kunne vore om den hadde hatt frie tøyler til å gjere som den ville. Som alt anna i livet: Ein bør skynde seg langsomt. Det meste kan brukes både til positive ting og negative. Dette er atomkraft eit godt eksempel på.

Etter denne dagen er eg fylt av undring og glede. No står søvnen snart for døra, og med det ny energi til å ta innover meg endå meir av Tokyo.

Imperial palace



Park møter storby


Nasjonal museum for natur og vitenskap



Ekte robot 





National Museum of Nature and Science,Tokyo

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar