søndag 6. august 2017

Framme i Tokyo

No sit eg i senga på Emblem Hostel, kor eg og Kjell Inge bur. Klokka er snart ti norsk ti, mens den snart fem her i Tokyo. Det tok oss 14 timer med fly, og fire timer med venting før flyet traff bakken, men tida gjekk eigentleg ganske fort. Første flyet tok oss frå Bergen til Oslo. Eg var berre halvvåken, noko som kan forklare at eg insisterte instendig på at personen som sat nærmast gangen, hadde tatt feil sete. Tålmodig peika han mot sete-anvisninga, og eg måtte mumlande beklage.  I motsetning til meg, hadde han full kontroll over kven som skulle sitte kor.

I Oslo venta vi fire timer. Eg handla litt på taxfreen og så sat vi og venta. Eg har kjøpt meg ei ny psykologi-bok, som eg kosa meg med. Flyet til København var litt forsinka, men dei klarte å ta igjen det meste av den tapte tida. Det var likevel kun en halvtime til boarding, så vi tok beina fatt og halvsprang til vi kom til gaten på motsatt ende av der vi landa. Flyturen frå Tokyo gikk rimelig fort. Eg sov nokre timer fra klokka sju, men etter dette var det berre halvsoving fram til vi kom hit. På flyplassen tok vi straks ut penger, før vi sjølvsikkert vandra mot WIFI-skranken, der vi skaffa oss portable WIFI slik at vi alltid kan vere på nett. No går eg rundt med ein boks i sekken, som forhåpentligvis ikkje blir ødelagt, slik at den leveres tilbake i samme stand som vi fekk den.

Det gikk greit å finne utav metro-systemet. Turen tok oss ca 50 minutt, med eit bytte undervegs. Når vi kom ut, var det skikkeleg varmt. Herleg! Vi svirra litt rundt, men til slutt kom vi og google maps til enighet og fant hostellet. Vi var der kl 12.00, men kunne ikkje sjekke inn før fire. Derfor fikk koffertene stå å vente tålmodig mens vi rusla rundt i området ei stund. Vi fant en lokal supermarknad, der Kjell Inge verdensvant hamstra Sushi, mens eg fant sandwicher med egg og skinke (og ein is). Etterpå gikk vi opp i loungen, der det krydde av skjønne Japanske barn. Ein av dei kom bort og sa noko eg ikkje forstod, mens han peika på en pakke med snop. Eg trur han ville eg skulle åpne den, men mora kom bort før eg fikk gjort noko med saken. En av mødrene ville vi skulle smake ein stor firkanta snop-kule, så vi tok en på deling. Etterpå prøvde vi å spele Jenka, men det tok høgst 1 minutt før eg fekk bygningen til å velte. Anstrengelsen blei for stor, så vi kapitulerte på to sakko-sekker, kor vi halvsov fram til klokka var fire.

Vi skal snart ut å ete middag. Vi skal i tillegg prøve å finne ei shopping gate som ligg her i Nishiarai. Ellers blir det nok tidleg i seng for å få sammenhengende og god søvn. Gleder meg til imorgon!



Nishiarai Daishi tempel, eit steinkast unna oss.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar