Akkurat no sitt eg på Shinkansen som omtrent flyr oss avgårde mot Hirsohima. Vi var litt uheldige og tok feil tog i begynnelsen, men sjølv om vi havna på feil stasjon, fantes det ei ny rute vi kunne ta.
Eg syns det er litt ironisk, at folk fra Japan er så tålmodige når dei står og venter på tog og andre transportmiddel, samtidig som dei har konstruert dei raskaste måten å komme seg fram på i verda. Kan det vere at tida dei sparer inn på høg-hastighetstog gjer at det ikkje er noko å stresse med ellers? I dei fleste land har eg sett mennesker som tripper opp og ned, ser på klokka, sukker tungt. Som om noko viktig skal skje, og derfor har dei ingen tid å miste. Her står folk i ro. Ingen hastige bevegelser, anna enn et dypt bukk om omstendigheten krever det. Det minner meg om ei av favoritt-bøkenen frå når eg var ei lita tulle: Momo og kampen om tiden. Kort fortalt handler det om ei lita jente som havner opp i litt av noko trøbbel. Menn med stresskofferter har invadert den vesle byen ho bur i. Dei gir råd som skal gjere folk meir effektive. En god måte å spare tid på. Det desse uskyldige menneska ikkje veit, er at tida dei sparer er det som held desse tidstyvene i live. Eg veit selvfølgelig ingenting om korleis Japanere har det på innsida. Kanskje er dei meir stressa enn det virker som?

Det er ei stund sidan eg har skreve. Vi har vore i Kyoto i to dager, og dagene har vore meir avslappende enn i Tokyo. Første dagen bestemte vi oss for å ta ein turis-buss som tok oss til tre av dei meste kjente templa i Kyoto. Tru meg, det er MANGE tempel å velge mellom, så det er sikkert mange andre vi kunne sett. Turen skulle egentlig ta ca 4,5 timer, men tok vel en time lenger. Vi såg eit vakkert gull-tempel, eit tempel med utsikt over heile byen og eit der vi fikk vandre mellom bambus-tre. Bambus-trea ser egentlig uvirkelige ut. Som tatt ut av en disney-film. Det var berre pandaen som mangla, men dei som valgte rekvisitter frå denne ukjente disney-filmen, hadde i alle fall fått med seg ei skilpadde. Eg elsker skilpadder! Kanskje det også stammer frå Momo-boka, for der er det ei skilpadde som viser Momo vei, slik at ho ikkje skal bli fanga av tidstyvene. Det er noko med deira sakte vandring gjennom livet som appellerar til meg. Kanskje fordi eg trur skilpaddene har noko viktig å lære meg: Det er ikkje når eg haster avstand at eg lærer noko. Det er når eg tar det rolig og tar innover meg omgivelsene, at eg virkelig opplever noko.
Ellers syns eg vi har vore flinke til å finne fram. Det vil sei, Kjell Inge har vore flink. I starten var eg ansvarlig storesøster og brukte google maps flittig, men etterkvart som Kjell Inge fikk kontakt med sitt indre kart, var ikkje dette like nødvendig lenger. Når vi hadde vore ein plass en gang, var ruta som rissa inn i han. Kyoto var generelt lettere å navigere i, noko som gir meining sidan menneskemengden som bur der er skjært ned til beinet samanlikna med Tokyo sine 13 millioner.
I forhold til hostellet vi valgte, var vi ikkje heilt fornøgd. Med ein gong vi kom inn i rommet, kjentes det som eg fekk eit karatespark i nasa. Det lukta nemleg særdeles dårleg, ei lukt som eg enda ikkje har identifisert. Dette var eigentleg positivt, for det gjorde at vi tilbrakte minst mulig tid på rommet. Mens eg er i gang med klaginga: Første natta hadde eg ein nabo som likte å snorke, så det kilte irritasjons-muskelen min kraftig. Men: Han var som fordufta neste natt, og eg sov derfor godt dei to neste nettene.
For dei som har lest mitt innlegg om den fantastiske bollen, har eg gode nyheter. Den er observert på nytt! Når Kjell Inge måtte finne ut kva slags tog vi kunne ta sidan vi var havna på heilt feil stasjon, såg han bollen og tok eit bilde av den. No kan vi gå og vise bilde til alle vi møter, og bli leda til neste bolle.
Det var mange "kimono" rentals i Kyoto. Vi såg dessverre ingen ekte geisha-er, men draktene kunne vi sjå overalt |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar